4 Så feira dei lauvhyttefesten slik det står skrive, med så mange brennoffer som var fastsette for kvar einskild dag.
5 Deretter bar dei fram det daglege brennofferet og brennoffer for nymånedagane og for alle andre høgtider som var helga til Herren, og like eins alle frivillige offer til Herren.
6 Den første dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, sjølv om grunnvollen til Herrens tempel enno ikkje var lagd.
7 Dei gav pengar til steinhoggarane og tømrarane. Folka frå Sidon og Tyros lønte dei med mat, drikke og olje for at dei skulle føra sedertre frå Libanon sjøvegen til Jaffa, slik persarkongen Kyros hadde gjeve lov til.
8 I det andre året etter at dei var komne til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, sette dei i gang, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og resten av brørne deira, prestane og levittane, og alle dei andre som var komne til Jerusalem frå fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir, til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9 Josva og sønene og brørne hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja stod fram alle som ein og hadde tilsyn med arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane av Henadad med sønene og brørne sine, som òg var levittar.
10 Bygningsmennene la grunnvollen til Herrens tempel. Så stilte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar, og levittane, Asaf-sønene, stilte seg opp med symbalar for å prisa Herren, slik David, Israels-kongen, ville.