1 Motstandarane til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som hadde vore i eksil, heldt på å byggja eit tempel for Herren, Israels Gud.
2 Då gjekk dei til Serubabel og leiarane for familiane og sa: «Lat oss byggja saman med dykk. For vi dyrkar den same Gud og har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asar-Haddon førte oss hit.»
3 Men Serubabel, Josva og resten av leiarane for familiane i Israel svara: «Nei, vi kan ikkje byggja eit hus for vår Gud saman med dykk. Åleine vil vi byggja det for Herren, Israels Gud, slik som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4 Folket i landet tok då motet frå folket i Juda og skremde dei frå å byggja.