10 og dei andre folkeslaga som den store og namngjetne Asenappar førte bort og busette i byen Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat.»
11 Dette er ei avskrift av brevet som vart sendt kongen:«Til kong Artaxerxes frå tenarane dine, mennene frå provinsen Bortanfor Eufrat.
12 Kongen skal vita at dei judearane som drog opp frå deg til oss, er komne til Jerusalem. Dei er i ferd med å byggja opp att denne opprørske og vonde byen. Dei fullfører murane og reparerer grunnvollane.
13 No skal kongen vita at dersom denne byen blir bygd opp att og murane blir fullførte, så vil dei verken betala skattar, toll eller avgifter, og dette kjem til å skada kongedømet.
14 Sidan vi et av palasset sitt salt, sømer det seg ikkje for oss å sjå på at kongen blir vanæra. Difor melder vi no frå om dette til kongen,
15 så ein kan granska i krønikeboka til fedrane dine. I denne boka vil du finna at dette har vore ein opprørsk by som har vore til skade for kongar og provinsar. Sidan tidlege tider har det vore uro der, og difor er denne byen vorten øydelagd.
16 Vi gjer kjent for kongen at dersom byen blir bygd opp att og murane fullførte, så kjem du ikkje til å ha land bortanfor Eufrat.»