20 Mektige kongar har styrt over Jerusalem og rådd over heile provinsen Bortanfor Eufrat. Dei fekk inn skattar, avgifter og toll.
21 Gjev no påbod om å stansa desse mennene, så byen ikkje blir bygd opp att før det kjem ordre frå meg.
22 Ver ikkje ettergjevande i denne saka, elles kan det bli til endå større skade og tap for kongane.»
23 Så snart avskrifta av dokumentet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til judearane i Jerusalem og stansa dei med vald og makt.
24 Då vart arbeidet på Guds hus i Jerusalem avbrote, og det låg nede til det andre året av regjeringstida til persarkongen Dareios.