3 Men Serubabel, Josva og resten av leiarane for familiane i Israel svara: «Nei, vi kan ikkje byggja eit hus for vår Gud saman med dykk. Åleine vil vi byggja det for Herren, Israels Gud, slik som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4 Folket i landet tok då motet frå folket i Juda og skremde dei frå å byggja.
5 Dei betalte kongens rådgjevarar for å motarbeida byggjeplanane så lenge persarkongen Kyros levde, og heilt fram til Dareios vart konge i Persia.
6 Då Xerxes var konge, i den første tida han regjerte, skreiv dei ei klage på innbyggjarane i Juda og Jerusalem.
7 Medan Artaxerxes styrte i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabeel og resten av embetsbrørne deira til kongen. Dokumentet var skrive på arameisk og vart tolka.
8 Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv dette brevet om Jerusalem til kong Artaxerxes:
9 «Frå rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og alle embetsbrørne deira, dommarane, embetsmennene, offiserane, oppsynsmennene, folka frå Erek og Babel og elamittane frå Susa,