5 Dei betalte kongens rådgjevarar for å motarbeida byggjeplanane så lenge persarkongen Kyros levde, og heilt fram til Dareios vart konge i Persia.
6 Då Xerxes var konge, i den første tida han regjerte, skreiv dei ei klage på innbyggjarane i Juda og Jerusalem.
7 Medan Artaxerxes styrte i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabeel og resten av embetsbrørne deira til kongen. Dokumentet var skrive på arameisk og vart tolka.
8 Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv dette brevet om Jerusalem til kong Artaxerxes:
9 «Frå rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og alle embetsbrørne deira, dommarane, embetsmennene, offiserane, oppsynsmennene, folka frå Erek og Babel og elamittane frå Susa,
10 og dei andre folkeslaga som den store og namngjetne Asenappar førte bort og busette i byen Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat.»
11 Dette er ei avskrift av brevet som vart sendt kongen:«Til kong Artaxerxes frå tenarane dine, mennene frå provinsen Bortanfor Eufrat.