1 Profeten Haggai og profeten Sakarja, son til Iddo, tala til judearane i Juda og Jerusalem; i namnet til Israels Gud tala dei til dei.
2 Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med og støtta dei.
3 Straks kom Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa: «Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?»
4 Vidare spurde vi dei: «Kva heiter mennene som set opp denne bygningen?»
5 Men Guds auge kvilte på dei eldste mellom judearane. Ingen hindra dei i arbeidet, men ein sende ei melding til Dareios og venta på svarbrev om saka.
6 Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.
7 Slik stod det skrive i meldinga:«Til kong Dareios: All fred!