10 Vi spurde dei òg kva dei heitte, så vi kunne skriva ned namna på leiarane og la deg få vita det.
11 Dette var svaret dei gav oss: ‘Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det huset som vart reist her ein gong for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.
12 Men fedrane våre gjorde himmelens Gud harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babel. Han øydela dette huset og førte folket i eksil til Babel.
13 Men i det første året Kyros var konge i Babel, gav han ordre om at Guds hus skulle byggjast opp att.
14 Gullkara og sølvkara som hadde høyrt Guds hus til, dei som Nebukadnesar hadde teke ut av tempelet i Jerusalem og ført til tempelet i Babel, dei tok kong Kyros ut av tempelet i Babel. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesjbassar, som han hadde sett til statthaldar,
15 og sa til han: Ta dette utstyret, far av stad og set det i tempelet i Jerusalem! Guds hus skal byggjast opp att på same staden som før.
16 Så kom denne Sjesjbassar og la grunnvollen til tempelet i Jerusalem. Frå den tida og til i dag har dei bygd på det, men enno er det ikkje ferdig.’