1 Då baud kong Dareios at ein skulle granska arkiva over dei skattane som var lagra i Babel.
2 I borga i Ahmeta, som ligg i provinsen Media, vart det funne ein bokrull. På den stod det skrive:«Kunngjering.
3 I det første året Kyros var konge, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Det skal byggjast opp att og bli ein stad der ein ber fram offer. Grunnvollane skal gjenreisast. Huset skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt,
4 med tre lag tilhoggen stein og eitt lag nytt tømmer. Utgiftene skal dekkjast av kongehuset.
5 Og utstyret av gull og sølv frå Guds hus, som Nebukadnesar tok ut av tempelet i Jerusalem og førte til Babel, skal gjevast tilbake. Det skal førast til tempelet i Jerusalem og setjast på plass i Guds hus.
6 No skal du, statthaldar Tattenai frå provinsen Bortanfor Eufrat, og du, Sjetar-Bosnai, og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk langt borte derifrå.
7 Hald dykk unna arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hos judearane få byggja huset på same staden som før.