11 Eg byd òg at kvar den som krenkjer dette påbodet, skal få ein bjelke riven ut av huset sitt. Han skal naglast fast til bjelken, og huset hans skal gjerast til ein avfallsdunge på grunn av det han har gjort.
12 Måtte den Gud som lèt namnet sitt bu der, vinna over alle kongar og folk som strekkjer handa ut for å krenkja dette påbodet og øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev eit påbod som skal følgjast fullt ut.»
13 Tattenai, som var statthaldar i provinsen Bortanfor Eufrat, Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då fullt ut slik som kong Dareios hadde føreskrive.
14 Dei eldste hos judearane bygde og hadde god framgang ved profetiane til profeten Haggai og Sakarja, son til Iddo. Dei fullførte bygginga etter påbod frå Israels Gud og etter påbod frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.
15 Huset stod ferdig den tredje dagen i månaden adar i det sjette året Dareios var konge.
16 Israelittane – prestane, levittane og resten av dei som var komne att frå eksil – vigde Guds hus med stor glede.
17 Til innviinga av Guds hus bar dei fram hundre oksar, to hundre vêrar og fire hundre lam, og til syndoffer for heile Israel tolv geitebukkar, éin for kvar av Israel-stammane.