1 Seinare, då Artaxerxes var konge i Persia, hende det at Esra – han var son til Seraja, son til Asarja, son til Hilkia,
2 son til Sjallum, son til Sadok, son til Ahitub,
3 son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,
4 son til Serahja, son til Ussi, son til Bukki,
5 son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten,
6 – at denne Esra drog opp frå Babel. Han var ein skrivar som var kunnig i Moselova, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Fordi Herren hans Gud heldt si hand over han, gav kongen han alt han bad om.
7 Nokre av israelittane og nokre prestar, levittar, songarar, portvakter og tempeltenarar drog opp til Jerusalem i det sjuande året Artaxerxes var konge.