12 «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, skriftlærd i lova frå himmelens Gud. Ver helsa!
13 Dette påbodet gjev eg: Alle i mitt rike av Israelsfolket, også prestar og levittar, som vil reisa til Jerusalem saman med deg, kan få reisa.
14 For du er send av kongen og dei sju rådgjevarane hans for å granska tilhøva i Juda og Jerusalem ut frå din Guds lov, som du har i di hand.
15 Du skal ta med deg sølv og gull som kongen og hans rådgjevarar frivillig har gjeve til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem,
16 og alt sølvet og gullet som du finn i heile provinsen Babel, saman med dei gåvene som folket og prestane frivillig gjev til Guds hus i Jerusalem.
17 For desse pengane skal du samvitsfullt kjøpa oksar, vêrar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Og du skal ofra dette på altaret i dykkar Guds hus i Jerusalem.
18 Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka slik de meiner er godt etter dykkar Guds vilje.