21 Eg, kong Artaxerxes, byd alle skattmeistrane i provinsen Bortanfor Eufrat: Alt det presten Esra, skriftlærd i lova til himmelens Gud, bed dykk om, skal han få fullt ut:
22 inntil 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha.
23 Alt himmelens Gud byd, skal de gjera med iver for hans hus. Elles skal vreide koma over riket til kongen og sønene hans.
24 Vi kunngjer for dykk at verken skatt, toll eller avgifter kan leggjast på nokon av prestane, levittane, songarane, portvaktene, tempeltenarane eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.
25 Og du, Esra, med visdom frå din Gud i hendene dine: Set inn skrivarar og dommarar til å dømma mellom alt folket i provinsen Bortanfor Eufrat, alle som kjenner lovene til din Gud. Og den som ikkje kjenner dei, skal de undervisa.
26 Og kvar den som ikkje følgjer lova til din Gud og lova til kongen, skal få ein dom som svarar til lovbrotet, anten dødsstraff, landlysing, bot eller fengsel.»
27 «Velsigna er Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem,