23 Alt himmelens Gud byd, skal de gjera med iver for hans hus. Elles skal vreide koma over riket til kongen og sønene hans.
24 Vi kunngjer for dykk at verken skatt, toll eller avgifter kan leggjast på nokon av prestane, levittane, songarane, portvaktene, tempeltenarane eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.
25 Og du, Esra, med visdom frå din Gud i hendene dine: Set inn skrivarar og dommarar til å dømma mellom alt folket i provinsen Bortanfor Eufrat, alle som kjenner lovene til din Gud. Og den som ikkje kjenner dei, skal de undervisa.
26 Og kvar den som ikkje følgjer lova til din Gud og lova til kongen, skal få ein dom som svarar til lovbrotet, anten dødsstraff, landlysing, bot eller fengsel.»
27 «Velsigna er Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem,
28 og som lét meg få velvilje hos kongen og rådgjevarane hans og hos alle kongens mektige menn. Eg tok mot til meg, for Herren min Gud heldt si hand over meg, og eg samla nokre av Israels leiarar til å dra opp saman med meg.»