5 son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten,
6 – at denne Esra drog opp frå Babel. Han var ein skrivar som var kunnig i Moselova, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Fordi Herren hans Gud heldt si hand over han, gav kongen han alt han bad om.
7 Nokre av israelittane og nokre prestar, levittar, songarar, portvakter og tempeltenarar drog opp til Jerusalem i det sjuande året Artaxerxes var konge.
8 Esra kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.
9 På den første dagen i den første månaden byrja reisa frå Babel, og på den første dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. Esras Gud heldt si gode hand over han.
10 For Esra la heile sitt hjarte i å granska Herrens lov, følgja henne og læra Israel lov og rett.
11 Dette er ei avskrift av det dokumentet som kong Artaxerxes gav til presten og skrivaren Esra, som var skriftlærd i Herrens bod og forskrifter for Israel: