10 av Bani: Sjelomit, son til Josifja, og med han 160 mann;
11 av Bebai: Sakarja, son til Bebai, og med han 28 mann;
12 av Asgad: Johanan, son til Hakkatan, og med han 110 mann;
13 av Adonikam, dei siste, dette er namna deira: Elifelet, Je'iel og Sjemaja og med dei 60 mann;
14 av Bigvai: Utai og Sakkur og med dei 70 mann.
15 Eg samla dei ved elva som renn til Ahava, og vi låg i leir der i tre dagar. Eg la merke til at både folket og prestane var der, men eg fann ingen levittar.
16 Eg sende då bod etter hovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan.