13 av Adonikam, dei siste, dette er namna deira: Elifelet, Je'iel og Sjemaja og med dei 60 mann;
14 av Bigvai: Utai og Sakkur og med dei 70 mann.
15 Eg samla dei ved elva som renn til Ahava, og vi låg i leir der i tre dagar. Eg la merke til at både folket og prestane var der, men eg fann ingen levittar.
16 Eg sende då bod etter hovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan.
17 Eg bad dei fara til Iddo, leiaren på ein stad som heitte Kasifja. Eg la dei ord i munnen som dei skulle seia til Iddo og bror hans, dei som var tempeltenarar i Kasifja. Dei skulle senda oss tenarar til huset for vår Gud.
18 Fordi Gud heldt si gode hand over oss, sende dei oss ein klok mann, Sjerebja, saman med sønene og brørne hans, 18 til saman. Sjerebja var etterkomar av Mahli, son til Levi, son til Israel.
19 Vidare kom Hasjabja og med han Jesaja av Merari-sønene, og brørne hans og sønene deira, 20 til saman.