23 Så vi fasta og søkte vår Gud for dette, og han høyrde bøna vår.
24 Eg valde ut tolv av dei leiande prestane og dessutan Sjerebja og Hasjabja saman med ti av brørne deira.
25 Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara – alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og leiarane hans, og frå alle israelittane som var der.
26 Eg vog opp og overlét i hendene deira 650 talentar sølv, 100 sølvkar verde ein talent kvar, 100 talentar gull,
27 20 gullbollar verde 1000 dareikar og to kar av god, skinande bronse, lik gull.
28 Eg sa til dei: «De er heilage for Herren, og kara er heilage; sølvet og gullet er ei frivillig gåve til Herren, dykkar fedrars Gud.
29 Hald vakt og ta vare på dette heilt til de kan vega dei opp for dei leiande prestane, levittane og leiarane for Israels slekter i Jerusalem, i romma i Herrens hus.»