29 Hald vakt og ta vare på dette heilt til de kan vega dei opp for dei leiande prestane, levittane og leiarane for Israels slekter i Jerusalem, i romma i Herrens hus.»
30 Så fekk prestane og levittane den oppvegne mengda av sølv, gull og kar. Dei skulle føra denne gåva til Jerusalem, til huset for vår Gud.
31 Vi braut opp frå Ahava-elva på den tolvte dagen i den første månaden for å dra til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og redda oss frå fiendens grep og frå overfall på vegen.
32 Vi kom til Jerusalem og kvilte der i tre dagar.
33 Den fjerde dagen vog vi opp sølvet, gullet og kara i huset til vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui.
34 Alt vart talt og vege, og vekta vart samtidig nedskriven.
35 Dei som var komne frå fangenskapet i eksil, ofra brennoffer for Israels Gud: 12 oksar for heile Israel, 96 vêrar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var eit brennoffer for Herren.