1 Då dette var gjort, kom leiarane til meg og sa: «Korkje Israelsfolket, prestane eller levittane har skilt seg frå folka i landområda omkring, dei som handlar like avskyeleg som kanaanearane, hetittane, perisittane, jebusittane, ammonittane, moabittane, egyptarane og amorittane.
2 For dei har teke døtrene deira til koner for seg og sønene sine, så den heilage ætta har vorte blanda med folka i landområda omkring. Leiarane og stormennene har vore dei første til å driva med denne utruskapen.»
3 Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjortel og kappe, reiv meg i hår og skjegg og sat lamslegen.
4 Alle som skalv for ordet frå Israels Gud, samla seg rundt meg på grunn av truløysa til dei som hadde vore i eksil. Og eg sat der lamslegen heilt til kveldsofferet.
5 Ved kveldsofferet reiste eg meg frå botsstillinga. Med sundriven kjortel og kappe kasta eg meg på kne, breidde ut hendene mot Herren min Gud
6 og sa:Min Gud! Eg skammar meg og skjemmest over å lyfta andletet mot deg, min Gud! For syndene våre er så mange at dei har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen.
7 Frå våre fedrars dagar og heilt til no har vår skuld vore stor. På grunn av syndene våre vart vi og kongane og prestane våre gjevne over i hendene på framande kongar, til sverd, fangenskap, plyndring og skam, slik det er den dag i dag.