Esra 9:6-12 N11NN

6 og sa:Min Gud! Eg skammar meg og skjemmest over å lyfta andletet mot deg, min Gud! For syndene våre er så mange at dei har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen.

7 Frå våre fedrars dagar og heilt til no har vår skuld vore stor. På grunn av syndene våre vart vi og kongane og prestane våre gjevne over i hendene på framande kongar, til sverd, fangenskap, plyndring og skam, slik det er den dag i dag.

8 Men no har Herren vår Gud for ei kort stund vist oss velvilje. Han har late ein rest av oss sleppa unna og har fest teltpluggen for oss på sin heilage stad. Vår Gud har fått auga våre til å skina og har gjeve oss litt styrke i vårt slaveri.

9 For sjølv om vi er slavar, har vår Gud ikkje svikta oss i vårt slaveri, men han har fått persarkongane til å visa oss velvilje, så vi fekk mot til å reisa huset for vår Gud or ruinane. Og han har gjeve oss eit vern i Juda og Jerusalem.

10 Men no, kva skal vi seia etter dette, vår Gud? For vi har svikta dine bod,

11 som du gav gjennom dine tenarar, profetane: «Landet som de dreg inn i for å ta i eige, er ureint på grunn av det ureine til folka i landområda omkring. Dei har fylt det med avskyelege handlingar og gjort det ureint frå ende til annan.

12 Difor må de ikkje gifta bort døtrene dykkar til sønene deira, eller la døtrene deira ta sønene dykkar til ekte. Og de må aldri gjera noko for å fremja deira fred og velferd. Då skal de bli sterke og få eta av alt det gode i landet, og de skal la borna dykkar få det i eige for alltid.»