Esra 9:8-14 N11NN

8 Men no har Herren vår Gud for ei kort stund vist oss velvilje. Han har late ein rest av oss sleppa unna og har fest teltpluggen for oss på sin heilage stad. Vår Gud har fått auga våre til å skina og har gjeve oss litt styrke i vårt slaveri.

9 For sjølv om vi er slavar, har vår Gud ikkje svikta oss i vårt slaveri, men han har fått persarkongane til å visa oss velvilje, så vi fekk mot til å reisa huset for vår Gud or ruinane. Og han har gjeve oss eit vern i Juda og Jerusalem.

10 Men no, kva skal vi seia etter dette, vår Gud? For vi har svikta dine bod,

11 som du gav gjennom dine tenarar, profetane: «Landet som de dreg inn i for å ta i eige, er ureint på grunn av det ureine til folka i landområda omkring. Dei har fylt det med avskyelege handlingar og gjort det ureint frå ende til annan.

12 Difor må de ikkje gifta bort døtrene dykkar til sønene deira, eller la døtrene deira ta sønene dykkar til ekte. Og de må aldri gjera noko for å fremja deira fred og velferd. Då skal de bli sterke og få eta av alt det gode i landet, og de skal la borna dykkar få det i eige for alltid.»

13 Trass i alt som har hendt med oss på grunn av våre vonde gjerningar og vår store skuld, har du, vår Gud, likevel straffa oss mindre enn våre synder fortente, og du har late ein rest av oss sleppa unna.

14 Skulle vi igjen bryta dine bod og knyta slektsband med folka som gjer slike avskyelege handlingar? Kjem du ikkje då til å harmast og gjera ende på oss, slik at ingen blir att og ingen slepp unna?