1 Herrens ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.
2 Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.»
3 Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.
4 Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.
5 Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»
6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.