1 Kom, lat oss venda om til Herren!For han reiv sund, men vil gjera oss friske,han slo, men vil forbinda oss.
2 Han gjer oss levande etter to dagar,den tredje dagen reiser han oss opp,så vi kan leva for hans andlet.
3 Lat oss læra å kjenna Herren,lat oss jaga etter å kjenna han!Sikkert som soloppgangen kjem han,han kjem til oss lik regnet,lik vårregnet som væter jorda.
4 Kva skal eg gjera med deg, Efraim?Kva skal eg gjera med deg, Juda?Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky,lik dogg som tidleg blir borte.
5 Difor har eg hogge dei ned ved profetane,drepe dei med ord frå min munn.Min dom skal gå opp som lyset.
6 For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer,gudskjennskap framfor brennoffer.
7 Dei braut pakta i Adam,der var dei trulause mot meg.
8 Gilead er ein forbrytarby,full av blodspor.
9 Presteflokken liknar røvararsom ventar på folk,dei myrdar på vegen til Sikem.Ja, skamlaus gjerning har dei gjort.
10 I Israels hus har eg sett grufulle ting,der driv Efraim hor,der gjer Israel seg urein.
11 Også for deg, Juda,er det fastsett ein haust.Når eg vender lagnaden for mitt folk,