2 Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.»
3 Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.
4 Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.
5 Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»
6 Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.
7 Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»
8 Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.