8 Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.
9 Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»
10 Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born».
11 Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.