1 Israel var ein frodig vinstokksom bar mykje frukt.Jo meir frukt,dess fleire altar.Jo betre land,dess betre steinstøtter.
2 Sleipt er hjartet deira,no må dei ta på seg skulda.Han skal bryta ned altara deiraog slå sund steinstøttene.
3 No må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje frykta Herren.Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
4 Dei har tala tomme ord,svore falskt og gjort pakter.Retten blømersom giftplanter i plogfòrene.
5 Dei som bur i Samaria,er redde kalven i Bet-Aven.Folket hans sørgjer over han,og avgudsprestane klagar,for hans herlegdom er bortført.