7 Samaria skal gå til grunne,kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
8 Avens offerhaugar skal utslettast,Israels synd.Torn og tistel skal veksaopp over altara deira.Dei skal seia til fjella: Løyn oss!og til haugane: Fall over oss!
9 Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.Der har dei vorte ståande.Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?Eg vil koma over ugjerningsmennene
10 for å tukta dei.Folkeslag skal samla seg mot deinår dei blir tukta for si doble skuld.
11 Efraim var ei tamd kvigesom gjerne ville treskja,og eg sparte den vakre nakken hennar.No vil eg spenna Efraim for,Juda skal pløya og Jakob harva.
12 Så med rettferd,haust med kjærleik,bryt dykk nybrot!For no er det tid for å søkja Herren,inntil han kjemog lèt rettferd regna over dykk.
13 De har pløgd ned urettog hausta vondskapog ete frukta av løgn.For du stola på din eigen vegog på alle krigarane dine.