1 Då Israel var ung,fekk eg han kjær,frå Egypt kalla eg son min.
2 Men jo meir eg ropa på dei,dess meir gjekk dei bort frå meg.Dei ofra til Baal-gudane,tende offereld for gudebilete.
3 Det var eg som lærte Efraim å gåog tok dei på armen.Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.
4 Eg drog dei med menneskeband,med kjærleiks tau.Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,eg bøygde meg ned og gav dei mat.
5 Dei skal ikkje venda attende til Egypt,men Assur skal vera kongen deira,for dei nekta å venda om.
6 Sverdet skal rasa i byane deira,bryta sund bommane og eta om segfor deira planar skuld.