3 Det var eg som lærte Efraim å gåog tok dei på armen.Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.
4 Eg drog dei med menneskeband,med kjærleiks tau.Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,eg bøygde meg ned og gav dei mat.
5 Dei skal ikkje venda attende til Egypt,men Assur skal vera kongen deira,for dei nekta å venda om.
6 Sverdet skal rasa i byane deira,bryta sund bommane og eta om segfor deira planar skuld.
7 Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg.Dei ropar saman til han som er i det høge,men han reiser dei ikkje opp.
8 Korleis kan eg oppgje deg, Efraim,overgje deg, Israel?Korleis kan eg oppgje deg som Adma,gjera med deg som med Sebojim?Hjartet vender seg i meg,all mi medkjensle vaknar.
9 Eg vil ikkje følgja min brennande vreide,ikkje øydeleggja Efraim ein gong til.For eg er Gud og ikkje eit menneske,heilag midt imellom dykk.Eg vil ikkje koma med redsle.