3 Herren fører sak med Juda,han vil straffa Jakob for hans ferd,gjengjelda det han har gjort.
4 I mors liv heldt han bror sin i hælen,som vaksen kjempa han med Gud,
5 han kjempa med engelen og vann,han gret og bad om nåde.I Betel møter Gud han,og der talar han med oss.
6 Herren, allhærs Gud, Herren er hans namn.
7 Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud.Hald fast på kjærleik og rett,ha alltid von til din Gud!
8 Kanaan har falske vekter i handa,han elskar å utnytta andre,
9 og Efraim seier:«Eg har då vorte rikog har fått meg eigedom,men i all rikdomen miner eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»