9 og Efraim seier:«Eg har då vorte rikog har fått meg eigedom,men i all rikdomen miner eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»
10 Men eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Enno vil eg la deg bu i teltsom den gongen eg møtte deg.
11 Eg vil tala til profetane.Eg lét dei få syn i mengd,og no vil eg tala i likningar gjennom dei.
12 Er Gilead ugudeleg,skal dei bli til inkjes.Ofrar dei oksar i Gilgal,skal altara deira bli som steinrøysar langs åkeren.
13 Jakob rømde til Aram-landet,Israel tente for å få seg ei kone,for ei kone vakta han småfe.
14 Ved ein profet førte HerrenIsrael opp frå Egypt,og ved ein profet vakta han dei.
15 Efraim har vekt bitter harme. Herren skal la hans blodskuldkoma over han sjølvog gje han att for hans spott.