1 Når Efraim tala, tok redsla alle,han var ein fyrste i Israel.Men han førte skuld over seg ved Baal og døydde.
2 Og no held dei fram med å synda;av sølvet sitt har dei støypt seg bilete,gudebilete etter sitt eige hovud,alt saman laga av handverkarar.Folk seier om dei:«Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»
3 Difor skal dei bli som morgondisen,lik dogg som tidleg blir borte,lik agner som blæs bort frå treskjeplassen,lik røyk frå ljoren.
4 Eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje,det finst ingen annan frelsar enn eg.
5 Eg tok meg av deg i ørkenen,i det tørre landet.
6 Dei beitte og vart mette.Då dei var mette, vart dei hovmodige,difor gløymde dei meg.