3 Difor skal dei bli som morgondisen,lik dogg som tidleg blir borte,lik agner som blæs bort frå treskjeplassen,lik røyk frå ljoren.
4 Eg er Herren din Gud,heilt frå Egypt.Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje,det finst ingen annan frelsar enn eg.
5 Eg tok meg av deg i ørkenen,i det tørre landet.
6 Dei beitte og vart mette.Då dei var mette, vart dei hovmodige,difor gløymde dei meg.
7 Eg har vorte mot dei som ei løve,lik ein leopard lurer eg ved vegen.
8 Eg vil koma over dei som ei binnedei har teke ungane frå,og riva opp brystet på dei.Eg vil eta dei opp som ei løve;dei ville dyra skal slita dei sund.
9 Når øydelegginga kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?