6 Dei beitte og vart mette.Då dei var mette, vart dei hovmodige,difor gløymde dei meg.
7 Eg har vorte mot dei som ei løve,lik ein leopard lurer eg ved vegen.
8 Eg vil koma over dei som ei binnedei har teke ungane frå,og riva opp brystet på dei.Eg vil eta dei opp som ei løve;dei ville dyra skal slita dei sund.
9 Når øydelegginga kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?
10 Kvar er då kongen dinsom kan berga deg i alle byane dine,og kvar er dommarane dine?Du har jo sagt:«Gjev meg konge og hovdingar!»
11 Eg gjev deg ein konge i min vreide,og i min harme tek eg han bort.
12 Efraims skuld er samla opp,synda hans er gøymd.