1 De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».
2 Før sak mot mor dykkar, før sak!For ho er ikkje kona mi,og eg er ikkje mannen hennar.Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet,ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!
3 Elles skal eg kle av henneså ho står der like nakensom den dagen ho vart fødd.Eg vil la henne bli som ein ørken,gjera henne lik eit tørt landog la henne døy av tørste.
4 Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn,for dei er horeborn.