2 Før sak mot mor dykkar, før sak!For ho er ikkje kona mi,og eg er ikkje mannen hennar.Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet,ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!
3 Elles skal eg kle av henneså ho står der like nakensom den dagen ho vart fødd.Eg vil la henne bli som ein ørken,gjera henne lik eit tørt landog la henne døy av tørste.
4 Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn,for dei er horeborn.
5 For mor deira dreiv hor,ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv.Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine,dei som gjev meg brød og vatn,ull og lin, olje og vin.»
6 Difor vil eg stengjavegen for henne med tornar.Eg murar ein mur rundt henneså ho ikkje finn stigane sine.
7 Når ho spring etter elskarane sine,skal ho ikkje nå dei att,når ho leitar etter dei,skal ho ikkje finna dei.Då skal ho seia: «Eg vil gå tilbaketil den første mannen min,for eg hadde det betre då enn no.»
8 Ho skjøna ikkje at det var egsom gav henne korn, ny vin og fin oljeog mengder av sølv og gull,som dei brukte til Baal.