2 Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg.
3 Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.»
4 For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar.
5 Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dagar som kjem.