10 Dei skal eta og ikkje bli mette,hora og ikkje bli mange. Herren har dei forlatefor å gje seg over til
11 hor,gammal og ny vintek over hjartet.
12 Folket mitt spør sitt tre til rådsog får svar av sin stokk.For ei horeånd har ført dei vill,dei har hora seg bort frå sin Gud.
13 På fjelltoppane ofrar dei,på haugane tenner dei offereldunder eiker, poplar og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene dykkar hor,og svigerdøtrene bryt ekteskapet.
14 Eg vil ikkje straffa døtrene dykkarfordi dei driv hor,eller svigerdøtrene fordi dei bryt ekteskapet,for mennene går avsides med horerog ofrar saman med tempelprostituerte kvinner.Eit folk utan innsikt vil falla.
15 Sjølv om du driv hor, Israel,må ikkje Juda føra skuld over seg!Gå ikkje til Gilgal,dra ikkje opp til Bet-Avenog sver ikkje: «Så sant Herren lever!»
16 For Israel er trassigsom ei trassig ku.No skal Herren gjeta deisom lam i ope lende.