2 Forbanning og løgn og drap og tjuveriog ekteskapsbrot breier om seg,med blod følgjer meir blod.
3 Difor skal landet sørgja,og kvar den som bur der, skal tørka bortsaman med dyra på marka og fuglane under himmelen,sjølv fiskane i havet skal utryddast.
4 Men ingen må føra sak eller gå i rette med nokon.Folket ditt liknar slike som fører sak mot ein prest.
5 Du skal snubla om dagen,og sjølv profeten skal snublasaman med deg om natta,og mor di gjer eg ende på.
6 Folket mitt skal gå til grunneav mangel på kunnskap.Sidan du har vraka kunnskapen,vrakar eg deg som min prest.Du gløymde din Guds lov,difor gløymer eg òg dine born.
7 Jo fleire dei vart,dess meir synda dei mot meg,deira ære skal eg byta ut med skam.
8 Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira skuld.