1 Høyr dette, de prestar,og lytt, du Israels hus,du kongehus, vend øyret til!Dommen gjeld dykk!For de har vorte ei snare for Mispa,eit utspent nett på Tabor
2 og ei djup fallgrav i Sjittim.Men eg vil tukta dei alle.
3 Eg kjenner Efraim,og Israel er ikkje løynt for meg.For no har du drive hor, Efraim,Israel har gjort seg urein.
4 Gjerningane deira hindrar dei fråå venda om til sin Gud.For dei har ei horeånd i seg,og Herren kjenner dei ikkje.