1 Høyr dette, de prestar,og lytt, du Israels hus,du kongehus, vend øyret til!Dommen gjeld dykk!For de har vorte ei snare for Mispa,eit utspent nett på Tabor
2 og ei djup fallgrav i Sjittim.Men eg vil tukta dei alle.
3 Eg kjenner Efraim,og Israel er ikkje løynt for meg.For no har du drive hor, Efraim,Israel har gjort seg urein.
4 Gjerningane deira hindrar dei fråå venda om til sin Gud.For dei har ei horeånd i seg,og Herren kjenner dei ikkje.
5 Israels hovmod vitnar mot han.Israel og Efraim skal snubla i si skuld.Juda òg skal snubla med dei.
6 Når dei kjem med sitt småfe og storfefor å søkja Herren,finn dei han ikkje.Han har vendt seg bort frå dei.
7 Dei har vore trulause mot Herren,for dei har fått born som ikkje er hans.No skal nymånen eta oppbåde dei og det dei eig.