1 når eg gjer Israel frisk,då blir Efraims skuld avslørt,og Samarias vondskap.Dei fer med svik,tjuven bryt seg inn,røvarane herjar i gata.
2 Dei seier ikkje til sitt hjarteat eg hugsar all deira vondskap.Men no er dei ringa inn av sine gjerningar,eg har dei for auge.
3 Dei gleder kongen med sin vondskapog stormennene med løgnene sine.
4 Alle er dei ekteskapsbrytarar,lik ein omn så heitat bakaren ikkje treng å fyrafrå deigen er knadd og til han har heva seg.
5 På vår konges daggjer dei stormenn sjukeav heten frå vinen.Han rekkjer handa til spottarar.