13 Ve dei, for dei rømde frå meg!Død over dei, for dei braut med meg!Eg ville løysa dei ut,men dei tala løgn mot meg.
14 Dei ropar ikkje til meg av hjartet,men jamrar seg der dei ligg,for korn og ny vin rispar dei seg opp.Dei vender seg bort frå meg.
15 Eg lærte dei opp,og eg gav armane deira styrke,men dei tenkte ut vondt mot meg.
16 Dei vender om, men ikkje til meg,dei har vorte som ein slakk boge.Stormennene deira skal falla for sverdpå grunn av si hatske tunge.Dette fører spott over dei i Egypt.