7 Alle er dei heite som ein omn,dei et dommarane sine.Alle kongane deira er falne,ingen av dei kallar på meg.
8 Efraim blandar seg med folka.Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.
9 Framande har ete krafta hans,men han veit det ikkje.Han er alt overstrødd med grått hår,men han veit det ikkje.
10 Israels hovmod vitnar mot han,men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,dei søkjer han likevel ikkje.
11 Efraim har vorte som ei due,godtruande og utan forstand.Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur.
12 Når dei dreg,kastar eg nettet mitt over dei,eg dreg dei ned som himmelens fuglar,eg fangar dei når eg høyrer flokken deira.
13 Ve dei, for dei rømde frå meg!Død over dei, for dei braut med meg!Eg ville løysa dei ut,men dei tala løgn mot meg.