1 Hornet til munnen!Som ei ørn over Herrens hus!For dei har brote mi paktog synda mot mi lov.
2 Dei ropar til meg:«Min Gud!Vi, Israel, kjenner deg!»
3 Men Israel har forkasta det gode,fienden skal forfølgja dei.
4 Dei valde seg kongar som ikkje er frå meg,valde seg hovdingar eg ikkje kjennest ved.Av sølvet og gullet sitt laga dei seg gudebilete.Difor skal dei utryddast.
5 Kast ut kalven din, Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan bli reine?
6 Dei er då frå Israel!Men han er laga av ein handverkar,og nokon gud er han ikkje,sanneleg, til splintar skal han bli,Samaria-kalven!
7 For vind sår dei, og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev dei ikkje mjøl,og gjev det mjøl, et framande det opp.