6 Dei er då frå Israel!Men han er laga av ein handverkar,og nokon gud er han ikkje,sanneleg, til splintar skal han bli,Samaria-kalven!
7 For vind sår dei, og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev dei ikkje mjøl,og gjev det mjøl, et framande det opp.
8 Israel er oppeten,no er dei lik eit karsom ingen bryr seg om mellom folka.
9 For dei fór bort til Assurlik eit einsleg villesel.Efraim kjøper seg kjærleik.
10 Sjølv om dei kjøpslår med folka,vil eg no driva dei saman.Dei skal vri seg ei lita stundunder storkongens bør.
11 Efraim har laga seg mange altar til syndoffer,altar som har vorte til synd for han.
12 Skriv eg mine mange lover,blir dei rekna for noko framandt.