5 Kva vil de gjera på høgtidsdagen,på Herrens festdag?
6 Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga,skal Egypt samla dei saman,Memfis gravleggja dei.Nesler skal løyna deira skattar av sølv,tornekratt skal veksa i telta deira.
7 Dagane for straff er komne,dagane for gjengjelding er komne,det skal Israel få merka.«Profeten er ein dåre,åndsmannen er utan vit!»Ja, fordi di skuld er så storog din fiendskap så sterk!
8 Profeten er Efraims vaktar, saman med min Gud,men snarer er det på alle vegane hans,fiendskap i huset til hans Gud.
9 Dei har vorte like djupt fordervasom i Gibeas dagar.Han skal hugsa skulda deiraog straffa syndene deira.
10 Eg fann Israelsom druer i ørkenen,eg såg fedrane dykkarsom tidleg frukt på fikentreet.Men då dei kom til Baal-Peor,vigde dei seg til skammaog vart like motbydelege som han dei elska.
11 Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.Ingen føder, ingen er gravide,og ingen blir med barn.