9 Dei har vorte like djupt fordervasom i Gibeas dagar.Han skal hugsa skulda deiraog straffa syndene deira.
10 Eg fann Israelsom druer i ørkenen,eg såg fedrane dykkarsom tidleg frukt på fikentreet.Men då dei kom til Baal-Peor,vigde dei seg til skammaog vart like motbydelege som han dei elska.
11 Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl.Ingen føder, ingen er gravide,og ingen blir med barn.
12 Jamvel om dei fostrar born,skal eg ta frå dei kvart einaste eitt.Ja, ve deinår eg går bort frå dei!
13 Efraim er planta i ei eng,det er som eg såg bort til Tyros.Men Efraim må føra sine born uttil han som drep.
14 Gjev dei, Herre!Kva skal du gje?Gjev dei morsliv som mistar barnet,og bryst som tørkar inn.
15 All deira vondskap viste seg i Gilgal,der la eg dei for hat.Fordi dei har gjort så mykje vondt,vil eg driva dei ut av mitt hus.Eg kan ikkje elska dei lenger,alle førarane deira er opprørarar.