6 Kapteinen kom bort til han og sa: «Kva er det med deg? Søv du? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden vil hugsa på oss så vi ikkje går under.»
7 Mennene sa til kvarandre: «Lat oss kasta lodd, så vi kan få vita kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss!» Dei kasta lodd, og loddet fall på Jona.
8 Då sa dei til han: «Sei oss no kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss! Kva slags arbeid har du? Kvar kjem du frå? Kva for eit land er du frå? Og kva for eit folk høyrer du til?»
9 Han svara: «Eg er hebrear og fryktar Herren, Gud i himmelen, som har skapt havet og det tørre landet.»
10 Då vart sjømennene gripne av stor redsle. Dei sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren. Det hadde han fortalt dei.
11 «Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «så havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen på havet vart sterkare og sterkare.
12 Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, så skal det halda opp med å rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har råka dykk.»